KREATIVT SOGN
Eit prosjekt om kunstnarresidensar i Sogn.Kreativt Sogn er eit pilotprosjekt som undersøker korleis Sogn kan utviklast som ein attraktiv stad for kunstnarisk aktivitet gjennom kunstnarresidensar. Vi tek utgangspunkt i lokale ressursar og ønskjer å byggje varige samarbeid mellom kunstnarar, lokalsamfunn, kulturliv og kommunar.
I del 1 har vi kartlagt ressursar, bygd nettverk og etablert samarbeid med to lokale aktørar. Vi har gjennomført 9 residensopphald med opne arrangement, og slik lagt til rette for møte mellom kunstnarar og lokalmiljø.
I del 2 utvidar vi arbeidet med 4 nye residensar og 3 nye samarbeidspartnarar. Prosjektet blir avslutta med ei samling for vertskap, kommunar og andre involverte, der vi deler erfaringar og ser på vegen vidare.
Målet er å styrkje kreative miljø, auke lokal aktivitet og bulyst, og gjere det enklare å utvikle kunstnarresidensar i regionen.
Takk for støtta!
- Del 1 (08.25–08.26): Sogndal kommune
- Del 2 (08.26–01.27): Vestland fylkeskommune og Sogndal kommune
RESIDENSAR VÅREN 2026
Kunstbygda Balestrand var vert for Alexander ein Lydkunstnar frå Sverige. Han samla lydar frå naturen som utgangspunkt for kunsten sin. Han tok opp lydar frå naturen, fekk naturen til å lage
musikk ut frå sine elektroniske impulsar og let naturen spele på instrument.
Som ein del av residensen laga Alexander ei framsyning. Gjennom lydopptak, improvisasjon og film vov han saman eit verk som lét publikum oppleve landskapet i Balestrand på ein ny måte.
Det var framsyning både kl. 14.00 og 19.30. Til saman var det om lag 40 personar som opplevde framsyninga.
LISELORE FROWJIN
Luster Mikromakeri var vert for Liselore ei tekstilkunstnar frå Nederland Liselore ønskte å arbeide med mytar (særleg om huldra), samstundes som ho brukte naturen og staden og tilgjengelege materialar til å uttrykkje seg.
Som ein del av residensen laga Liselore ei utstilling både i andre etasje i løa og utanfor
løa, der Luster Mikromakeri held til. Utstillinga var ein del av toårsjubileet til Luster
Mikromakeri. Vi anslår at om lag 90 personar møtte opp og deltok på arrangementet.
SIRI PETTERSEN
Luster Mikromakeri var vert for Siri Pettersen ei Vevkunstnar frå Sverige
Siri arbeidde med eit verk til eit visingsrom på eit sjukehus i Sverige. Ho lét seg inspirere av naturen i Luster.
Som ein del av residensen deltok Siri i utstillinga under Brefest 2026 i Jostedalen med to verk.
Utstillinga var eit samarbeid mellom Luster Mikromakeri, Brefest, Arvid Elvekrok og to andre
lokale kunstnarar frå Luster. Arrangementet var det mest besøkte under festivalen, med om lag
60 besøkjande.
Siri arbeidde med eit verk til eit visingsrom på eit sjukehus i Sverige. Ho lét seg inspirere av naturen i Luster.
Som ein del av residensen deltok Siri i utstillinga under Brefest 2026 i Jostedalen med to verk.
Utstillinga var eit samarbeid mellom Luster Mikromakeri, Brefest, Arvid Elvekrok og to andre
lokale kunstnarar frå Luster. Arrangementet var det mest besøkte under festivalen, med om lag
60 besøkjande.
Luster Mikromakeri var vert for Natalie ei tau sirkusartist og illustratør frå Sverige. Natalie ønskte å arbeide med korleis ein kombinerer hennar to uttrykksformer, sirkustau og illustrasjon. Ho arbeidde også med korleis ein kan gjere tauakrobatikk nær bakken.
Som ein del av residensen gjennomførte Natalie workshopen «Sense Space» saman med studentar frå landskapsplanleggingsstudiet ved høgskulen i Sogndal. 45 studentar kom til Luster Mikromakeri for å tilbringe halvannan time saman med Natalie.
Melek Erdem
Creative Connections Norway var vert for Melek ei keramikk kunstnar frå Tyrkia. Melek var éin månad i Balestrand og arbeidde med ebru på silkeskjerf og keramikk. Samstundes var Seda (ebru) og Berat (land art) også nokre veker i Balestrand og arbeidde med eit program for å kople seg mentalt gjennom yoga og land art.
Melek hadde ebru-workshop for born i Balestrand som ein del av det gratis, jamlege arrangementet «Kunstspiren». Om lag 30 personar var til stades. Hun hold også ei open utstilling på Kunstgarasjen.
Hausten 2025 fekk Kunstbygda Balestrand eit oppdrag frå Sogndal kommune om å lage ei utgreiing av moglegheitene for interkommunalt samarbeid om kunstnarresidensar. Prosjektet har vi gitt namnet ‘Kreativt Sogn’.
Som ein del av dette inngår nettverksbygging, rapport og gjennomføring av kunstnarresidensar.
Utdrag frå tildelingsbrevet:
«Pilotprosjektet skal samle erfaringar med kunstnaropphald (residency) og sjå på korleis Sogneregionen kan verte eit attraktivt område for kunstnarisk aktivitet. Prosjektet vil skape møtepunkt mellom det kreative miljøet, utøvande kunstnarar, gjestekunstnarar, lokalbefolkninga og kommunane.»
Hausten 2026 fekk Kunstbygda Balestrand stønad frå Vestland fylkeskommune og Sogndal kommune til ein del 2 av pilotprosjektet.
Er du interessert i å vere vertskap for kunstnarresidensar i framtida? Ta kontakt med oss på post@kunstbygda.no.
Vi arbeider for tida med ei kartlegging av moglege aktørar og samarbeidspartnarar, og er interesserte i å høyre kva som skal til for å få på plass kunstnarresidensar langs Sognefjorden. Målet er å finne ei berekraftig finansieringsordning for kunstnarresidensar.
Gjennom prosjektets to fasar har vi gjennomført/skal iv gjennomføre 13 residensar i Sogn.
Desse residensane er eit samarbeid mellom Creative Connections Norway, Luster Mikromakeri. Fjelly Kulturverkstad, Lærdal kommune, Smettinn og Kunstbygda Balestrand AS. 7 residensar blir finansierte gjennom Erasmus+ via Creative Connections Norway, medan 6 blir støtta av «Kreativt Sogn»-prosjektet, finansiert av Sogndal kommune og Vestland fylkeskommune.
Kunstnarane som deltek, skal gi noko tilbake til bygda på ein passande måte.
MARS
Creative Connections Norway - Balestrand
• 2 Land Art kunstnare frå Tyrkia
• 1 Illustratør og 1 Ebru kunstnar frå Tyrkia
MAI
Luster Mikromakri
• Open Call - Temporary Circus
• Open Call - Textile
Creative Connections Norway - Balestrand
• Keramiker/treskjærer frå Tyrkia
JUNI
Luster Mikromakri
• Tekstil/vev
Kunstbygda Balestrand
• Open call - Fri kunstform
NOVEMBER
Luster Mikromakri
• Tekstil/vev /Keramikk
Lærdal kommune
• Illustrasjonsoppdrag
Fjelly Kulturverksad - Borgund
• Illustrasjonsoppdrag
Smettinn - Fjærland
• Vev
• Open Call - Temporary Circus
• Open Call - Textile
Creative Connections Norway - Balestrand
• Keramiker/treskjærer frå Tyrkia
JUNI
Luster Mikromakri
• Tekstil/vev
Kunstbygda Balestrand
• Open call - Fri kunstform
NOVEMBER
Luster Mikromakri
• Tekstil/vev /Keramikk
Lærdal kommune
• Illustrasjonsoppdrag
Fjelly Kulturverksad - Borgund
• Illustrasjonsoppdrag
Smettinn - Fjærland
• Vev
Kreativt Sogn vert støtta av Songdal kommune og Vestland Fylkeskommune, utvikla og prosjektleia av Kunstbygda Balestrand as.