Kreklingen Natursti Fantasi i Skogen
Hausten 2025 vart naturstien Kreklingen i Balestrand oppgradert med nye plansjar og kunstnarlege innslag. Illustratøren Vilde Ylvisåker laga sju teikningar med oppgåver som inviterer til refleksjon og leik. For å involvere dei lokale borna kjøpte Kunstbygda måling, og elevane ved Sagatun skule måla steinar som dei plasserte ut langs stien.
Slik har Kreklingen vorte ein meir levande arena for læring, fantasi og naturglede.
Opninga fann stad 7. november, og rundt femti balestrendingar møtte opp til pølsegrilling og utforsking av den fornya stien.
Takk til lokale sponsor:
Sparebankstiftinga Sogn og Fordane
Før og etter