Minnesmerke Arve Beheim Karlsen
Komiteen for Arve Beheim Karlsens minnesmerke engasjerte Kunstbygda Balestrand AS som prosjektleiar for prosess av minnesmerke for Arve Beheim Karlsen.
Minnesmerket består av ein skulptur laga av kunstnaren Tobbe Malm og eit dikt skrive av forfattaren Brynjulf Jung Tjønn. Initiativtakar var Sogndal kommune, i tråd med ønsket frå komiteen for minnesmerket og politisk vedtak om gjennomføring. Sogndal kommune er eigar av prosjektet, og Tobbe Malm vart vald som kunstnar.
Skulpturen er inspirert av vardane vi møter til fjells. For kvar stein vi legg til, blir vegen og bodskapen tydelegare. Steinen vart henta frå Sogndalselvi av kunstnaren og Arves mor, Kari Beheim Karlsen.
Minnesmerket blei avduka i april 2024. Til stades var kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.