Vi søkjer kunstnar til utsmykking av vegg i offentleg rom (Nortura i Sogndal)
Søknadsfrist: 15. mars 2026

Utval: innan 1. april 2026

Verket er tenkt ferdigstilt på lokasjon i tidsrommet mai-juni 2026.

Oppdraget Vi søkjer kunstnar til å utforme og realisere eit kunstverk som skal pryde neste flate på Norturaveggen i Sogndal. Veggen skal bidra til å skape ein stadsidentitet der alle føler seg velkomne, og kunsten skal inspirere til refleksjon over korleis vi ønskjer at samfunnet vårt skal vere. 

Veggen som skal utsmykkast er i betong, og er cirka 4 meter bred og 8 meter høg. Materiale og teknikk skal vere tilpassa langvarig eksponering av ymse vêr. Kunstverket skal ikkje vere til hinder for tilkomst eller dagleg bruk av området. Kunstbygda Balestrand AS bistår med praktisk tilretteleggjing under gjennomføring. 

Omgivnaden
Verka står nært til Osenbrui som vert opna i 2021, og minnesmerket til Arve Beheim Karlsen som blei avduka i 2024. Området er ein fin plass for gåturer og rekreasjon, men brukes òg i undervisningssamanheng. 
Kven kan søkje?
Vi inviterer profesjonelle kunstnarar, nyetablerte kunstnarar eller kunstnargrupper frå heile landet til å delta. Erfaring med offentlege kunstprosjekt er ein fordel, men ikkje eit krav.
Krav til søknad Send inn følgjande dokumentasjon:
1. Omtale av deg som kunstnar (ditt virke og foretrukken teknikk) og ein skisse av idéen for kunstverket.
2. Budsjett og framgang: Eit førebels estimat over kunstnarhonorar (opp til 100.000,-) for dette prosjektet, og gjerne noen ord om eventuelle andre utgifter knytt til produksjon/ materiale/ reise.

Korleis søkje? Send inn søknaden til post@kunstbygda.no med emnefeltet: "Søknad Norturaveggen 2026”. Dersom du har spørsmål, ta kontakt via e-post.

Utveljingsprosess Sogndal Kommune har eit eiget kunstråd som i samråd med Kunstbygda Balestrand AS vil vurdere søknadene basert på kunstnarleg kvalitet, tematikk og at det er mogleg å gjennomføre innafor prosjektrammene.


Oppdragsgivar: Kunstbygda Balestrand AS og Sogndal Kommune

Kunstverka frå 2024 og 2025 her