Tibake

Frist 11.10.26


Vil du vere med å utvikle eit sterkt kunstfelt og eit rikt kulturliv i bygdene våre?
Kunstbygda Balestrand as er eit selskap med eit ideelt hovudføremål som er å bidra til at kunst og andre kulturuttrykk er viktige utviklingsfaktorar i Sogn. Kunstbygda Balestrand har base i Balestrand, med kontorplass på Norsk Reiselivsmuseum. Den rike kunsthistoria i Balestrand er grunnmuren for verksemda og utgjer eit viktig utgangspunkt for arbeidet vårt. Målet er å styrke trivsel og skaparglede i regionen ved mellom anna å skaffe ressursar til kunstaktivitetar, utvikle og presentere kunst og opplevingar i samarbeid med kunstnarar, reiselivet, kommunar og andre samarbeidspartar. 

Selskapet har ledig stilling som dagleg leiar frå 01.01.2027. Stillinga er i dag 60 %. I samband med tilsettinga og i dialog med søkjarar vert det vurdert å auke stillingsprosenten. 

I tillegg til den utlyste stillinga, har selskapet ei deltidsstilling som prosjektleiar.

I rolla som dagleg leiar vil du få ansvar for å gjennomføre dei oppdraga og prosjekt som selskapet til ei kvar tid har teke på seg. Du vil ha ansvar for å utvikle selskapet vidare i samarbeid med prosjektleiar og styret. Dette gjeld både i høve å utvikle nye prosjekt, og styrke det økonomiske grunnlaget til selskapet. 

Kunstbygda Balestrand vert i dag finansiert av oppdragsmidlar og prosjektmidlar frå offentlege og private aktørar. Selskapet er i ein spanande fase, med høge ambisjonar og store moglegheiter. Du får ei sentral rolle i å forme den vidare utviklinga, retninga og posisjonen til selskapet, og det er mogleg for deg å setje ditt preg på korleis vi skal lukkast.

Viktige oppgåver:

  • Gjennomføre oppdrag og prosjekt selskapet har ansvar for
  • Samarbeid og nettverk med andre aktørar i regionen
  • Kontakt med styreleiar og styret, saksførebuing og oppfølging av styret sine vedtak
  • Administrative oppgåvene knytt til selskapet 
  • Styrke finansiering av drift og prosjekt 
  • Samarbeide med kommunar og bidra inn i ulike kommunale utval og prosessar

Vi søkjer etter ein person som:
  • Har lyst og motivasjon til å jobbe med kunst og kultur som ein viktig utviklingsfaktor i lokalsamfunna i Sogn
  • Er sjølvstendig, men og god til å spele på lag med andre tilsette og samarbeidsaktørar
  • Har kjennskap til, og erfaring innan kunst- og kulturfeltet, eller anna relevant kompetanse

Løn etter avtale.

Søknad på stilling:
Send di søknad til: post@kunstbygda.no
Frist for søknad: 11.10.2026

Kontaktpersonar:
 
  • Prosjektleiar Silje Forbes, 480 94 585
  • Styreleiar Svein Arne Skuggen Hoff, 918 88 868