Arkitektur — Drakestilen
Drakestilen i Balestrand oppstod då kjende kunstnarar kjøpte strandtomter ved Sognefjorden for om lag eit hundreår sidan. I perioden då sveitserhus i drakestil vart reiste, blei mange av desse husa sett ned på. Dei representerte noko ukjent, var ofte delvis ferdigbygde før oppsetting, og dei symboliserte ein stil som ikkje var særleg omtykt blant den tidas intellektuelle og kunstneriske kretser i Noreg.
Særleg innan møbeldesign og arkitektur var drakestilen populær. Uttrykket i drakestilen er kjenneteikna av stiliserte, lange og slanke liner, som representerer eit brot med historismen.
Røtene til drakestilen kan sporast attende til den norrøne tidsalderen, og han er sterkt inspirert av vikingtida og dei gamle stavkyrkjene.
Mange av villaene i Balestrand vart bygde av kunstnarar eller rikfolk som nytta Balestrand til rekreasjon mot slutten av 1800 og byrjinga av 1900-talet. Dei fleste av desse bygga finn ein langs promenaden frå sentrum og utover langs fjorden.