Heim

 
Arkitektur — Drakestilen


Drakestilen i Balestrand oppstod då kjende kunstnarar kjøpte strandtomter ved Sognefjorden for om lag eit hundreår sidan. I perioden då sveitserhus i drakestil vart reiste, blei mange av desse husa sett ned på. Dei representerte noko ukjent, var ofte delvis ferdigbygde før oppsetting, og dei symboliserte ein stil som ikkje var særleg omtykt blant den tidas intellektuelle og kunstneriske kretser i Noreg.




Kilder brukt på denne siden:Wikipedia
Norsk Reiselivsmuseum
Kulturhistorisk leksikon
Visit Norway

Drakestil er ein stilretning som etterliknar dyreornamentikk frå tidlegare tider, inkludert gammal norrøn arkitektur. Denne stilen vart mykje nytta innanfor den internasjonale art nouveau eller jugendstilen. 

Særleg innan møbeldesign og arkitektur var drakestilen populær. Uttrykket i drakestilen er kjenneteikna av stiliserte, lange og slanke liner, som representerer eit brot med historismen.

Røtene til drakestilen kan sporast attende til den norrøne tidsalderen, og han er sterkt inspirert av vikingtida og dei gamle stavkyrkjene. 

Kring århundreskiftet var det mange som fekk kjøpa tomter med strandline nær sentrum i bygda. 

Mange av  villaene i Balestrand vart bygde av kunstnarar eller rikfolk som nytta Balestrand til rekreasjon mot slutten av 1800 og byrjinga av 1900-talet.  Dei fleste av desse bygga finn ein langs promenaden frå sentrum og utover langs fjorden.






VILLAER I DRAKESTIL, BALESTRAND


Villa Lorna      (1904/1905)
Tekst: Gunnar Urtegaard

Villa Lorna er den einaste av sveitservillaene i Balestrand som ligg på oppsida av bygdevegen. Men vegen til fjorden er kort, og utsynet mot Sognefjorden er kanskje på sitt aller vakraste nett her. Det var ein engelsk ingeniør, James Livesey, som bygde Villa Lorna. Han hadde reist kring i verda og bygd jernbaner. 74 år gamal slo han seg ned i Balestrand sommarstid.

Cooperhuset      (årstal)
Måleri: Roar Grimsø

Den engelske kunstnaren Alfred Heaton Cooper kom til Balestrand første gongen i 1891. Møtet med Matilde Marie Valentinsen og interessa for norsk landskap og kultur førte han stadig attende til bygda, der han kom til å setja opp eit svært norsk hus. Huset er no ei del av Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand.


Villa Strandheim       (1893) 
Tekst: Gunnar Urtegaard

Dahl sin villa vart bygd i mykje same stil som Normann. Huset vart bygt i 1893 og er produsert av firma Jacob Digre i Trondheim slik som fleire andre liknande hus i Balestrand. Då Dahl døydde, gjekk eigedommen over til Eline Dahl som var gift med Ludwig Wiese. Dei var busette i England, og nytta staden til 1958 då huset og mykje av innbuet vart selt på auksjon.


Villa Normann       (1842 - 1917)
Tekst: Gunnar Urtegaard

I 1890 bygde Normann det første drakestil-villaen i Balestrand. Huset kom oppskore og ferdig til å monterast. Her var det utskjeringar og drakefigurar i overflod. Det vart fortalt at bygdefolket var mykje interesserte i dette byggverket, og folk var ofte innom byggeplassen for å følgja med etter kvart som huset vart montert. Normann sin drakestilvilla innleia ein arkitektonisk epoke i bygdesoga.

Villa Balderslund       (1906/1907)
Tekst: Gunnar Urtegaard

Gertrude Abbott (1866 - 1951) kom frå ein velståande familie i Philadelphia, Pennsylvania. Ho fekk boka Hardy Norsemen av nokre engelske vener, og der fekk ho høyra om Balestrand for fyrste gong. Ho kom til Balestrand i 1894 og avgjorde at det skulle bli hennar stad i Noreg. Miss Abbott bygde "Villa Balderslund" i 1906/7. Ho var i bygda kvar sommar fram til 2. verdskrigen.

Høyvikhuset (1910)
Tekst: Eli Grete Høyvik

Huset er bygt i 1910 av Ivar og Eli Høyvik. Dei fekk 9 barn og levde av handverket sitt. Ivar Høyvik var treskjerar og vart henta til bygda for å smykke ut villaene som vart bygde på denne tida. Gjennom eit langt yrkesliv arbeidde han møblar i drakestil, også ein stol til den tyske keisaren. Eli Høyvik broderte, laga bunader og vov veggteppe og løparar i smettevev av plantefarga garn. I 2021-23 er huset blitt totalrenovert og ført tilbake til 1910 med originale fargar.