Om oss



Kunstbygda Balestrand er ein non-profit organisasjon. Hovudmålet vårt er å sikre at kunst og andre kulturuttrykk vert sentrale faktorar for utviklinga av heile kommunen og Sogn som region.

Gjennom eit tett samarbeid med kunstnarar, reiselivsnæringa og andre samarbeidspartnarar, vil Kunstbygda jobbe for å opplyse og gjere historia til bygda tilgjengeleg, samt å skaffe ressursar til nyskapande og engasjerande kunstaktivitetar. Dette inkluderer å sikre finansiering og støtte for produksjon, presentasjon og oppleving av kunstprodukt. Me vil jobbe aktivt med å synleggjere unike kunstopplevingar som involverer både lokalbefolkninga og besøkjande og samstundes øke den kunstfaglege kompetansen i regionen.

Ved å bidra til auka kunstnarisk aktivitet og bevaring av kunstarven, vil Kunstbygda Balestrand halde fram med å bløme som eit dynamisk kulturelt sentrum. Me vil jobbe for å skape eit miljø der kunstnarar kan realisere dei kreative visjonane sine, samstundes som vi inviterer publikum til å oppleve og delta i kulturelle opplevingar av høg kvalitet.

Gjennom engasjementet vårt for kunst og kultur, vil vi bidra til å gjere Balestrand og resten av Sogn til attraktive reisemål for både lokale innbyggjarar og tilreisande.



Tilsette:


Dagleg leiar

Silje Forbes
post@kunstbygda.no



Styret:

Styreleiar

Svein Arne Skuggen Hoff
styreleiar@kunstbygda.no

Styremedlem
Mary Ann Menes
Frode Bøthun
Åslaug Stadheim
Grethe Hjetland
Geir Berstad Sande