KUNSTNARRESIDENS MED STIPEND - JUNI 2026
OPEN CALL - SØK NO!
FRIST 10. MARS kl 12:00
1.-15. Juni 2026 (to veker)
Kva kan vi tilby?
Eit stipend på 10 000 kr
Reisestønad på opptil 2000 kr
Ei hytte på Dragsvik Fjordhotell
Ein sykkel til bruk under opphaldet
Dagstur til Luster og Luster Mikromakeri, som òg har kunstnarresidens i same periode (vevkunstnar).
Kven kan søkje?
Profesjonelle kunstnarar frå ulike felt som ser at residensopphaldet kan gje dei noko. Vi stiller ingen krav til kva type prosjekt du skal arbeide med. I utgangspunktet ser vi for oss éin kunstnar, men dersom du/de vurderer at fasilitetane passar, kan vi vurdere å opne for fleire. Stipendet kan dessverre ikkje utvidast.
Korleis søke?
Send søknad til post@kunstbygda.no med «Søknad residens 2026» som tittel. I søknaden ønskjer vi at du fortel om deg sjølv, motivasjonen for opphaldet i Balestrand, kva du ønskjer å arbeide med under opphaldet. Send gjerne også lenkjer til tidlegare arbeid/ sosiale medier/ nettside om du har.
Spørsmål?
Ta kontakt på post@kunstbygda eller ring Prosjektleiar Helle Rabbås +47 94283563.
SØKNADSFRIST 10. mars kl. 12:00
Kunstbygda samarbeider med Dragsvik Fjordhotell. Under residensen blir du invitert til å bu i ei av hyttene deira, heilt nede ved fjorden.
Hytta har:
To soverom (eitt med dobbeltseng og eitt med to enkeltsenger).
Open stove og kjøkken med utsikt mot fjorden.
Eige bad.
Dragsvik Fjordhotell ligg på Dragsvik, om lag 10 minutt med bil frå Balestrand sentrum og rundt 30 minutt å sykle.
Kva forventar vi tilbake?
I løpet av opphaldet ønskjer vi at du deler arbeidet ditt med lokalsamfunnet på ein måte som kjennest relevant for deg. Dette kan til dømes vere ein samtale, workshop, utstilling, foredrag, framsyning eller liknande.
Format, omfang og tidspunkt finn vi ut av saman. Det treng ikkje vere fastsett ved søknadstidspunktet, men har du tankar eller idear, kan du gjerne ta dei med i søknaden. Arrangementet blir utvikla i samarbeid med oss, og vi har noko finansiering til leige av lokale, innkjøp av materiale eller liknande.
Kunstbygda vil vere vertskap for deg medan du er på residens. Vi er to tilsette, Silje (designar) og Helle (arkitekt). Vi vil møte deg og ta deg imot, introdusere deg for bygda og vere med på utvekslingsdag til Luster Mikromakeri.
Kva skjer i Balestrand?
Balestrand byr på flotte naturopplevingar og fotturar i fjellet. Vi har mange tips!
10 min å gå frå Dragsvik Fjordhotell ligg Prestegarden og Lunde arboretum, med flott tilrettelagd badeplass og friluftsområde.
Mat og drikke:
Dragsvik Fjordhotell, Ciderhuset, Kviknes Hotell, Gekkens, Golden Fork, Korall, Pearl by Harbour, Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand Hotel
Aktivitetar:
Norsk Reiselivsmuseum med utstilling og guida tur. Balestrand Adventures med RIB-båt, kajakk, fotturar. Ciderhuset med Cidersmaking, Ebru-kurs, sjokoladekurs og historisk vandring. Treningsstudio. Heit badstove.
Bildegalleri frå Dragsvik Fjordhotell:
Bildegalleri frå Balestrand: